Velkomen!

Velkomen til mi pedagogiske mappe!

Eg heiter Sigrun Høgetveit Berg, er førsteamanuensis i historie og denne digitale pedagogiske mappa er eit resultat av kurset Pedagogisk basiskompetanse som eg har teke ved UiT 2017–2018.

I mappa vil du kunne lesa om mine tankar kring og erfaring med ulik type undervisning. Sjølv om tekstane er skrivne som del av kurset – og såleis speglar kva eg tenkjer og har gjort så langt i mitt undervisningsarbeidsliv – er meininga at mappa skal bli oppdatert ettersom eg utviklar meg vidare som universitetslærar.

Under «Undervisninga mi» skildrar eg undervisningsståstaden min – eller ein undervisningsfilosofi som det også blir kalla – undervisningshistoria mi og mitt pedagogiske basisrepertoar, og eg deler tankane og erfaringane mine om evaluering og vurdering. Ei eiga fane er vigd til kollegarettleiing, og ei anna til utvklingsprosjektet mitt, som tok føre seg emneplanlegging og uttesting av «omvendt klasserom». Fleire stader i desse tekstane har eg også gjort meg ein del etiske refleksjonar kring rolla mi som undervisar i møte med studentar. Avslutningsvis har eg skrive ein tekst om erfaringane mine med Pedagogisk basiskompetanse-kurset og lagt ved ulike type kursbevis.