Introduksjon til pedagogisk mappe

Velkommen til mi pedagogiske mappe!

gramstad16Eg heitter Astrid Gramstad og arbeider som forskar og førsteamanuensis ved Senter for omsorgsforsking, nord ved IHO, Helsefak. Eg underviser mest ved bachelorprogrammet i ergoterapi, men har òg undervisningserfaring frå mellom anna PhD i helsevitskap, master i helsefag og vidareutdanning for ergoterapeutar.

Denne mappa er ein dokumentasjon av min pedagogiske basiskompetanse, og du må gjerne kikke deg rundt. Mappa er skriven i høve til kriterie for pedagogisk basiskompetanse ved UiT, som du kan lese meir om her: http://result.uit.no/basiskompetanse/introduksjon/malsetting/ .

I mappa kan du lese om undervisningshistoria mi, der eg òg skriv om basisrepertoaret mitt i undervisningssamanheng. I undervisningsfilosofien reflekterer eg over mi pedagogiske tilnærming til undervisning i eit teoretisk perspektiv. Punktet om kollegaveiledning omhandlar erfaringar med å få og å gje tilbakemelding på eigne og andre sine undervisningsøkter. I arbeidet med mappa nytta eg høvet til å gjere eit fordjupingsprosjekt knytt til evaluering av skrivekurs; det kan du òg lese meir om ved å klikke deg vidare i mappa. Dei fine kursdiploma som eg har fått, ligg under «vedlegg». Her har eg òg tillete meg å leggje ved vitnemålet på grunnfaget eg har i pedagogikk.

Meir informasjon om meg og min forskarprofil finn du på denne sida: https://uit.no/om/enhet/ansatte/person?p_document_id=52056&p_dimension_id=88122

Beste helsing Astrid